Populære dansekveldar i Spelestoga i Valle
Den såkalla Ungdomsringen, dansesamankomstane i Spelestoga i Valle, har blitt eit populært tilbod - og det er plass til fleire!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.10.2025 12:27
Sist endra 08.10.2025 12:27
Ungdomsringen i Valle har blitt eit populært tilbod.
Ungdomsringen
Vil du lære deg å danse gangar? Kva med swing eller reinlender? Alle med danselyst bør møte opp i Spelestoga tysdagar klokka 17-18. Alle frå 8. klasse og eldre er velkomne. Om ein er røynd eller heilt fersk har ingenting å seie, så lenge ein har lyst til å lære seg å danse. Instruktørane Maija Lindås, Sigrid Jore og Marit Løyland er klare til innsats - er du?