Posar med hundeavføring bør hamne i søppeldunken!

Stadig fleire har med seg små plastposar når dei luftar hunden, til å ta med det krabaten eventuelt slepp frå seg på turen. Så har ikkje alle fullt ut tatt poenget med posen.

Rett tenkt, men ikkje heilt.. Å bruke posar til det hunden slepp frå seg på tur er fornuftig. Å kaste frå seg posane ved eit busskur midt på Rysstad er mindre gjennomtenkt. - Klikk for stort bileteRett tenkt, men ikkje heilt.. Å bruke posar til det hunden slepp frå seg på tur er fornuftig. Å kaste frå seg posane til dømes som her ved eit busskur midt på Rysstad er mindre gjennomtenkt. Ole Birger Lien

Poenget er sjølvsagt at posen, etter at ein har hatt det ein skal i den, bør hamne i ein søppeldunk. Så ser ein rundt om eit “fenomen” som tykkjest breie seg - folk nyttar posen, men hiv den frå seg der og då. 

– Me set sjølvsagt pris på at folk nyttar slike posar, men stussar når me stadig ser at i staden for å kaste slikt i søppeldunken, så hamnar det langs vegen, seier Torleif Homme i Valle kommune.

Kostbart

Han minner om at forsøpling går ut over alle, og at det kostar pengar å halde reint.

– Både det hundar legg att men også søppel elles bør ein kaste der slikt skal kastast. Me syter for feiing og rydding, så er det flott viss folk flest også tar ansvar, seier Homme.