Rådet for personar med funksjonsnedsettelse vil ha bygda i tale

Rådet for personar med funksjonsnedsettelse i Valle kommune ynskjer dialog med bygdefolket.

– Me er avhengige av tilbakemeldingar for å kunne gjere ein innsats der der trengst mest, seier leiar Kjell Ove Tveiten.

Leiar i rådet for personar med funksjonsnedsettelse i Valle kommune, Kjell Ove Tveiten, ynskjer innspel frå bygdefolket om saker rådet bør arbeide med. - Klikk for stort bileteLeiar i rådet for personar med funksjonsnedsettelse i Valle kommune, Kjell Ove Tveiten, ynskjer innspel frå bygdefolket om saker rådet bør arbeide med. Ole Birger Lien

Han utgjer rådet saman med Hans Petter Andersen og Annette Bjørgum Nomeland. Rådet samlar seg kring ein gong i månaden.

– Me har tidlegare sett på problemstillingar som universell utforming, rullestolinngangar og ikkje minst teleslynger. Mange stader har me fått til gode løysingar, men det er nok ikkje slik at alt no er på stell alle stader. Då er det viktig at me får vite om utfordringar rundt om i kommunen, seier Tveiten.

God dialog

Han gler seg over tidlegare tilbakemeldingar og god dialog med folk i Valle og Hylestad, og ynskjer seg meir kontakt.

– Alle som måtte ha tankar om tiltak som er viktige og nødvendige bør gje oss beskjed, så får me det på sakslista vår. Den som måtte ha spørsmål, innspel eller anna kan bare kontakte meg, så tar eg det som kjem vidare, seier leiar i rådet for personar med funksjonsnedsettelse, Kjell Ove Tveiten.

Han kan ein nå via e-post HER