Redusert meirverdiavgift på vatn og avløp
Stortinget har vedteke at meirverdiavgifta for vatn og avløp skal reduserast frå 25% til 15%, og ordninga skal gjelde frå 1. juli 2025.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.09.2025 09:16
Sist endra 19.09.2025 09:16

Valle kommune sender ut faktura med redusert meirverdiavgift for vatn, avløp og slam etter eit stortingsvedtak. Endringa omfattar kommunale gebyr for vatn, avløp og slam (septiktankar, tette tankar og minirenseanlegg).
– Faktura frå og med juli vil difor ha denne endringa med seg, seier Gudrun Sagneskar i Valle kommune.
Dei som har vassmålar får årsoppgjer i mars 2026, der det er tatt høgde for den reduserte monsen med å stipulere utifrå tidlegare forbruk.