
Kurset tar til 2. april, og er spesielt retta mot privat næringsliv, men altså med ein kommunal og regional paraply som overbygning. Dei fleste vil forstå kva endringskompetanse er - Lean er i produksjonsteknikk ein filosofi som har som mål å sikre maksimal verdiskaping med minimal ressursinnsats.
Over 10 veker
Nettundervisninga går føre seg over 10 veker. Det er også ei fysisk samling som del av utdanningsløpet. Kurset gjev 5 studiepoeng, og det er gratis å delta viss ein ser bort frå litt utgifter til studiemateriell. Ein kan sitte heime eller på kontoret og fylgje opplegget, eller i lokalar Setesdal regionråd stiller med. Påmeldingsfristen er 25. mars. Det er krav om fullført fagutdanning med fagbrev eller godkjent realkompetanse for dei som skal bli tekne opp på studiet.
Vil du vite meir? Då kan du kontakte Kathrine Hovet Pentreath på tlf 90574161 eller på epost HER
HER er lenke til meir informasjon om studiet og søknadsskjema.