Regionmøte om helsesektoren samla kommunane i Setesdal på Evje

Delegasjonar frå kommunane i Setesdal deltok på møte om helsesektoren og berekrafta i helsevesenet på seminar på Evje fredag. Både frå Valle og Bykle var alt frå ordførar- til kommunedirektørnivå med, i tillegg til leiarar i pleie- og omsorgseiningane.

Kommunane i Setesdal samla til helseseminar på Evje sist veke. - Klikk for stort bileteKommunane i Setesdal samla til helseseminar på Evje sist veke.

Bakgrunnen for samlinga var å drøfte utfordringar innan helsesektoren, mellom anna berekrafta i helsevesenet. Helsenettverket inviterte mellom andre fylkeslege i Agder, Aase Aamland frå Statsforvaltaren og direktør for folkehelse i Agder, Vegard Nilsen, til arrangementet.

Det forebyggjande arbeidet er avgjerande

Aase Aamland hadde første innlegg under samlinga før Vegard Nilsen tok over. Nilsen peika på kor viktig det langsiktige, forebyggjande arbeidet knytta opp mot folkehelse er. Bakteppet for temaet er ei eldrebylgje alle veit at kjem. Nilsen peika også på universelle tiltak som prioritert område. Ein veit jo at faktorar som tobakk, aktivitetsnivå og ikkje minst kosthald er viktig. 

Lokale innlegg

Så var det meir lokale aktørar sin tur. Leiar pleie og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad, hadde eit innlegg, og kommuneoverlege i Valle og Bykle, Kjetil Juva, deltok.  Juva peika på overforbruk av helsetenesta som ei utfordring, og at mangel på fagfolk kan vere krevjande.  Også Juva kom inn på at langsiktig og systematisk forebyggjande arbeid for betra folkehelse er avgjerande. Av andre innlegg kan ein nemne Leif Sigurd Helle,  helse og omsorg i Bygland kommune, Hallstein Homdrum, einingsleiar omsorg i Evje og Hornnes og Laila Ljosland, einngsleiar helse og velferd, Åseral kommune. Som del av dagen vart det også skipa til arbeidsgrupper med folk frå dei ulike kommunane, der målet var å sjå på tiltak som kan gjere kommunane så godt rusta som råd både med tanke på eldrebylgja og stadig meir press på helsevesenet, men altså med eit folkehelseperspektiv som ein raud tråd.