Register for lokale lag og organisasjonar

Valle kommune har via heimesida ei eiga side for lokale lag og organisasjonar. Der er det om å gjere at så mange, ja helst alle, registrerer seg.

Valle kommune har eit register over lag og organisasjonar i kommunen. Der er det viktig å ha så mange, helst alle, med. Ole Birger Lien

Registreringa tar bare eit par minuttar, og det er ein fordel å stå i registeret. På det viset kan den som vil enkelt finne fram til kontaktpersonar/nummer til dei ulike laga - og ein kan lenke til ei eventuell heimeside eller side på Facebook. 

Lettare å ta kontakt

I tillegg gjer registeret det enklare for kommunen å kome i kontakt med laga, og å få ut informasjon som alle skal ha. Difor, bruk eitpar minuttar, og sjå til at ditt lag eller din organisasjon er med!