Rein vinteridyll opp mot Lauvåsloptet i Valle!
For den som har tenkt seg opp til dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle for å sikre seg eit gratis joletre i innspurten til høgtida, ventar reinaste vintereventyret.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 21.12.2024 16:03
Sist endra 21.12.2024 16:03
Vinteridyll på veg opp mot Lauvåsloptet i Valle laurdag.
Ole Birger Lien
For med snøen som kom natt til laurdag har heile Valle-lia fått ei vinterkåpe så “joleleg” at det mest av alt minner om ein Disney-teiknefilm! Snøtunge greiner, akkurat nok snø på bakken til at det er greitt å fote seg - og ikkje for glatt - for dei som er i tvil er det bare dette å seie: kom dykk avgarde!
Gratis joletre
Så er det altså ein solid bonus at alle som vil kan hente seg gratis joletre i området ved Lauvåsloptet. I denne saka ligg eit kart som viser kor grensene går.
Utsnittet viser kor ein kan hente seg gratis joletre i området ved Lauvåsloptet.