Reinhaldarar frå Valle og Bykle samla til fagdag

Det handla om ergonomi og korleis å unngå belastningsskadar i eit hardt yrke då reinhaldarar frå kommunane Valle og Bykle samla seg til fagdag i soknehuset på Rysstad nyleg.

Frå fagdag for reinhaldarar i kommunane Valle og Bykle. Valle kommune

Offentleg felles innkjøp på Agder (OFA) stod bak fagdagen der ein i tillegg til å lære meir om korleis ein kan halde seg i sving sjølv om ein har eit fysisk krevjande yrke også skulle lære seg å bruke Twister pads - ein slag maskinell golvvaskar.

– Det deltok kring 30 personar. Det gode oppmøtet viser vel også kor viktig temaet er. Me fekk både teoretiske og praktiske innføringar, seier leiar reinhaldstenester i Valle kommune, Hilde Kiland-Bjåen.