Rigginga i gang for nye Valle kultursenter

Rigginga for det som blir nye Valle kultursenter er no i gang.

– Så er det full fokus på born og tryggleik gjennom heile prosessen, seier leiar teknisk i Valle kommune, Magnus Berg.

Tydeleg merking i anleggsområdet ved Valle skule. - Klikk for stort bileteTydeleg merking i anleggsområdet ved Valle skule. Prosjekthuset AS

Det er sett opp gjerde ved skulen, med definerte og trygge krysningspunkt for mjuke trafikantar. Oppstarten er noko utsett i påvente av omleggjing av elektriske kablar sidan ein større del av kabelnettet må fornyast.

– Me er i tett samarbeid med vegeigar, netteigar og entreprenør gjennom heile prosessen, seier prosjekt/byggjeleiar Tone Straume Wikeland i Prosjekthuset AS.

Brakkerigg

Entreprenør PK Entreprenør AS har fått på plass brakkerigg og gamal bygningsmasse er tømt.

– Vidare blir det sett opp gjerde langs resten av anleggsområdet. Så minner me alle om å fylgje skiltinga, seier Wikeland.

Deler av parkeringsplassen blir stengt og inngongen til Idrettshallen i nord og inngong til ungdomsskulen mot vest likeeins. Anleggstrafikk skal gå på nordsida av skulen og inn via port i byggegjerde. Brakkerigg er montert i sør på grusplassen, og der skal også arbeidarane parkere. Ny inngong til idrettshall, Møykjeromet og Smeddestoga blir i sørenden av hallen. Det skal grusast opp ein mellombels veg forbi SFO. Alle elevar på Valle skule skal bruke inngong mot aust, det gjeld også dei i ungdomsskulen. Lærarar skal bruke dagens inngong mot parkeringsplassen i vest. Det er parkering for tilsette ved skulen fleire stader: nordre del av parkeringsplass (ca 12 bilar), ved hybelbygget (ca 6 bilar), ved sørsida av barnehagen (ca 7 plassar) og to plassar ved SFO.

Omfattande utbygging

Det blir bygt om lag 1400 kvm i det nye kultursenteret. Aktivitetssalen blir på om lag 350 kvm, med amfitribune og dessutan plass til folk på golvet. I tribuna blir det plass til 200 personar. Totalt i salen kan ein få inn minst 240 personar.