Riksveg 9 Byklestøylane-Hoslemo opna!

Statssekretær i samferdsledepartementet  Cecilie Knibe Kroglund (Ap) stod for den høgtideleg opninga då riksveg 9-parsellen Byklestøylane-Hoslemo opna onsdag. Med det er ein endå eit steg nærare gul midtstripe like til Hovden sentrum.

– Eit flott prosjekt som kjem heile regionen til gode, og eit samarbeid som viser veg for komande prosjekt. Her får ein trygg og god veg til rasjonell kostnad og med fin framdrift, sa ho.

Statssekretær Cecilie Knibe Kroglund skar snora og opna riksveg 9-parsellen Byklestøylane-Hoslemo onsdag. - Klikk for stort bileteStatssekretær Cecilie Knibe Kroglund skar snora og opna riksveg 9-parsellen Byklestøylane-Hoslemo onsdag. Ole Birger Lien

Den nye riksvegparsellen til 150 millionar kroner er dermed fullført. Det er Nomeland Maskin som har hatt hovudentreprisen, og fleire underentreprenørar har vore med på arbeidet med å få på plass seks kilometer ny riksveg 9. Det er sprengt over 25.000 lastebillass masse i byggjinga.

– Samarbeidet med Bykle kommune og Nomeland maskin har vore framifrå. Så gler det meg ekstra at heile prosjektet har blitt gjennomført utan arbeidsskadar av noko slag, sa senioringeniør i Statens vegvesen, Sigurd Wiberg.

– Viktig for alle

Bykle-ordførar Hans Blattmann streka under at dei seks kilometarane i Bykle betyr noko for heile dalen og landsdelen.

– No nærmar me oss faktisk sluttføring av det som var det store målet, gul midtstripe til Hovden. Dette er flott, og alle vinn på det, slo han fast.

Snart i mål

Det er Hovden Hytteservice som har fått oppdraget med neste steg i riksvegutbyggjinga med parsellen Hoslemo og Geiskelid. Denne skal vere ferdig hausten 2025.

Strekninga er den nest siste av stubbane på rv9 i Bykle som skal på plass for å få gul midtstripe til Hovden.