Riksveg 9 nordgåande felt stengt mellom Valle og Hovden i tre timar laurdag 24. mai

I morgon laurdag 24. mai, blir Color Line Tour, sykkelrittet mellom Kristiansand og Hovden, skipa til. Frå klokka 11 til 14 er nordgåande felt på riksveg 9 mellom Valle og Hovden stengt.

Tor Erik Schrøder

Det er venta nesten 1000 syklistar oppover dalen, så rittet kjem naturleg nok til å prege riksveg 9 langs heile ruta frå Kristiansand til Hovden. Det er likevel altså bare mellom Valle og Hovden at det nordgåande feltet blir stengt. Dei første syklistane gnur i veg frå byen klokka 05, medan siste pulje set i gang innan 08.30.

Omkøyringar

Også lenger nede i dalen blir det sett i gang trafikksikring som fylgje av sykkelrittet - men ikkje med stengte vegar. Så er det likevel, same kor på riksveg 9 mellom Kristiansand og Hovden ein er i morgon, lurt å ta det med ro og fygje godt med i trafikkbiletet.