Riksveg 9 ved Neset i Bygland opnar tidlegast måndag 10. februar
Riksveg 9 ved Neset i Bygland vart stengt umiddelbart tysdag kveld i denne veka då det vart oppdaga rasfarlege fjellmassar i lia over vegbanen. I området har det over lengre tid vore vegarbeid. No opplyser Statens vegvesen at riksvegen tidlegast opnar måndag 10. februar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.02.2025 08:59
Sist endra 13.02.2025 16:10
Riksveg 9 ved Neset i Bygland opnar tidlegast måndag 10. februar.
Statens vegvesen
I mellomtida blir det omkøyring på vestsida av Byglandsfjorden - med leiebil og trafikkdirigentar i båe endar. Det blir køyrt bare ein veg om gonga, så ei viss ventetid vil ein måtte rekne med.
Usikkert
Det er framleis noko usikkert kor mykje fjellmasse som må fjernast frå lia over riksvegen. Det er difor heller ikkje sikkert at vegen kan opne att måndag. Statens vegvesen har no sett i gang skift døgeret rundt for å få opna vegen att så raskt som råd.