Riksveg 9 ved Storstraumen bru i Bygland blir stengt frå måndag 10. juni til torsdag 13. juni på grunn av vegarbeid.
Statens vegvesen
Omkøyringa blir skilta. Tungtransport må ta vegen vest for fjorden langs fylkesveg 3778.
– Det har oppstått setningar i vegbanen ved brua. Dette må gjerast noko med. Det er laga prefabrikerte avlastingsplater som skal gravast ned og hindre framtidige setningar, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Sigvald Rinden.
Grave opp på båe sider av brua
Det skal gravast opp og leggjast ned slike plater på båe sider av brua. Så blir dei støypte saman på staden. Når betongen har fått herda, blir det lagt på masse att.
– No oppmodar me alle på vegen om å vise tolmod og omsyn til andre trafikantar. Fylg skilting og leiebilen, seier Rinden.
Arbeidet, og difor omkøyringa, kjem altså til å halde på til og med torsdag 13. juni.