Det skal filmast ved og rundt munnharpa i rundkøyringa i Valle fredag 14. mars. Riksveg 9 og sidevegar kan bli stengt i fem minuttars-intervallar mellom klokka 16-17.
Ole Birger Lien
Det er Karin Moe Hennie, meir kjent som forfattaren bak Ninjana, som kjem til Valle med eit stort crew for filmopptak mellom anna ved munnharpa i rundkøyringa ved Valle sentrum. Både riksveg 9 og fylkesveg 3820, avkøyrsla opp mot sentrum og ned Kjellebergvegen, blir sperra i dei aktuelle periodane.
– Det blir skilta i området, og så er det altså bare i korte fem minuttars-intervallar det er snakk om stengt veg, seier Torleif Homme i Valle kommune.
Kul jentehelt
Det er filmen om Ninjana, “tidenes kuleste jentehelt”, som skal lagast mellom anna med opptak i sentrumsområdet i Valle. Ninjana, den bunadskledde jentehelten frå Valle, har blitt kjent gjennom både bøker og teater - no går ho altså til filmen! Filmen skal bli ein kortfilm med både vanleg film og animasjon.