Rock around the clock på Valle Bygdeheim

Det blir både gamle svisker og mykje humor når Tor Henning Olsen og Joachim Olsen kjem til Valle bygdeheim med showet Rock around the clock 1. oktober som del av Onsdagskaféen!

Frå klokka 13 gnur dei på med klassikarar frå 1950-1960-talet. Med gitarar, perkusjon og eigne røyster byr dei på alt frå Elvis til Roy Orbison og The Beatles. Det er gratis inngong til konserten som blir skipa til av Valle kommune.