ROS Setesdal presentert for kommunestyret i Valle

Den nye ROS Setesdal for kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iveland og Åseral, er no ferdig. Under kommunestyret i Valle sist veke fekk dei folkevalde presentert dokumentet av prosjektleiar Odd Helge Liestøl i Åseral.


 

Odd Helge Liestøl orienterte om ROS Setesdal i kommunestyret i Valle onsdag. - Klikk for stort bileteOdd Helge Liestøl orienterte om ROS Setesdal i kommunestyret i Valle onsdag. Ole Birger Lien

Han minna i si utgreiing om at det svært omfattande dokumentet faktisk skal dekke eit område på 5780 kvadratkilometer, der innbyggjartalet kan hende ikkje er så stort, men der ein i tillegg må ha med i berekninga over 9600 fritidsbustader i rekneskapen.

– Ein stor region med mange av dei same problemstillingane som ein finn i byane, og fleire område som er unike for bygda, slo han fast.

Mange med

Liestøl har vore prosjektleiar for utarbeidinga av ROS Setesdal, eit arbeid som tok til tidleg i 2024. Han har vore i tett samarbeid med mellom andre beredskapskoordinatorane i alle dei involverte kommunane - og andre nøkkelpersonar. I alt har kring 90 menneske vore med i arbeidet som no har resultert i ein svært grundig beredskapsplan. 

– No skal alt dette implementerast i kommunane sine planar på ulikt vis, streka Liestøl under.

Ulike scenario

ROS Setesdal skal vere eit oppslagsverk der ein ser for seg ulike beredskapsscenario, og der ein finn tiltaka ein bør sette i gang. 

– Det er meir ver, det er meir skiftande forhold, og tryggleikssituasjonen rundt om i verda er i stadig endring. Det er fleire område enn før som er under press - og så må ein i tillegg opne opp for det ein ikkje ventar seg. Difor må også me tilpasse oss meir fortløpande enn før. Det er ROS Setesdal ein viktig del av, sa Liestøl, som peika på at ROS-utarbeiding er noko alle kommunar er pålagt å ha på plass.