Samdrift ved legekontora i Valle og Bykle einskilde dagar i november

Av ulike grunnar vil det vere samdrift ved legekontora i Valle og Bykle enkelte dagar framover. Det betyr at eitt kontor er oppe, medan det andre er stengt. Pasientar må då møte ved eitt av kontora som er opne, eller få tilbod om ny time.

Legekontoret i Valle er stengt enkelte dagar i november. Dei dagane er det samdrift med legekontoret i Bykle.

Viss ein har timeavtale ein dag med samdrift, og må møte ein annan stad enn opphaveleg avtalt, vil ein få beskjed i god tid.

Dagar med samdrift:

Onsdag 12.11 og torsdag 13.11 - samdrift ved Bykle legekontor. Legekontora på Hovden og i Valle er stengte.

Fredag 14.11 - samdrift ved Valle legekontor. Hovden legekontor er stengt.

Onsdag 26.11 - samdrift ved Bykle legekontor. Valle legekontor er stengt.

– Me seier oss leie for ulempene dette kan medføre. og takkar for forståinga, seier kommunalsjef i Bykle kommune, Trine Lise T. Enersen.