Det er såpeglatte sidevegar i øvre Setesdal laurdag, som her frå Rysstad.
Ole Birger Lien
Natt til nest siste dagen av vinterferien i Agder har det regna jamnt og trutt. På riksveg 9 er det langt på veg bar asfalt, med litt slaps i vegbanen her og der. På sidevegane er altså situasjonen ein annan.
Såpeglatt
Regnet har polert is og snø på sidevegane - så det er rett og slett såpeglatt. Rundt om er det strøing i gang, men mange stader vaskar nedbøren sanden bort, og det tar i tillegg tid å få strødd over alt der det er behov.
Parolen må difor vere enkel: køyr ekstra forsiktig denne helga!