Sender ut omfattande folkehelseundersøking
I desse dagar sender Folkehelseinstituttet ut Den nasjonale folkehelseundersøkelsen 2025 til 100.000 utvalde personar over 18 år landet rundt.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.10.2025 09:30
Sist endra 16.10.2025 09:30
FHI
Invitasjonen til dei som er tilfeldig utvalde blir sendt via SMS. Alle er trekte ut frå Folkeregisteret. Dei 100.000 personane er spreidde i både alder og geografi.
Digitalt spørjeskjema
Den nasjonale folkehelseundersøkelsen består av eit digitalt spørjeskjema det tar kring 20 minuttar å svare på. Skjemaet er tilgjengeleg på fleire språk. Målet med undersøkinga er å få betre kunnskap om helse og levevanar i befolkninga, noko som betyr mykje med tanke på å betre folkehelsearbeidet og helsetenestene i Noreg.
HER er meir informasjon om undersøkinga