Sender ut spørjeundersøking om hyttebyggjing i Valle kommune

På oppdrag frå Valle kommune sender no Oxford Research ut ei spørjeundersøking om hyttebyggjing i Valle kommune. Målet er at alle innbyggjarar skal få sjansen til å svare.

Spørjeundersøkinga utgjer ein del av grunnlaget for ein analyse av ringverknadene av hyttebyggjing i heile kommunen. Kommunestyret vedtok seint i fjor at det skal utarbeidast ei slik ringverknadsanalyse. Oxford Research har fått oppdraget. Arbeidet skal etter planen vere fullført før sommarferien.

Få fram synspunkt

Gjennom spørjeundersøkinga er det meininga at innbyggjarane kan få fram synspunkt på hyttebygginga i Valle kommune, så som:

 Kva er positive og negative økonomiske konsekvensar for kommunen og næringslivet?

Kva er positive og negative konsekvensar for kommunale tenester og infrastruktur?

Kva er positive og negative konsekvensar for levekår, natur, miljø, landbruk og utmarksforvaltning?

– Dette arbeidet er også ein del av kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med både kommuneplan og kommunedelplan Brokke, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

På SMS og i Velkomstsenteret

Spørjeundersøkinga blir sendt ut til alle som har registrert telefonnummer i folkeregisteret - altså på SMS. Så er altså målet at så mange som råd av innbyggjarane skal svare.

– For den som ikkje ynskjer å svare digitalt er det høve til å møte fram i Velkomstsenteret og svare på eige papirskjema der.  Jo fleire som tar seg tid til å svare, jo betre grunnlag blir det for arbeidet vidare, slår kommunedirektøren fast.

Fristen for å svare på spørjeundersøkinga er 6. juni .