Setesdal brannvesen IKS skal brenne ned hus på Flateland i Valle tysdag
Ingen må bli uroa om det blir røykutvikling, blåljos og mykje ståhei på Flateland i Valle tysdag 11. mars frå klokka 17. Det er Setesdal brannvesen IKS som skal brenne ned eit hus som skal sanerast.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 10.03.2025 12:07
Sist endra 10.03.2025 12:07
Dette gamle bustadhuset på Flateland i Valle skal brennast ned tysdag 11. mars.
Bjarne Bratteland
Brannvesenet nyttar som så mange gonger før høvet til å få trent seg på alt frå røykdykking til kontroll av brann - slokke skal dei likevel ikkje, i alle fall ikkje til slutt, for huset skal altså sanerast.
Trafikkdirigering
I og med at huset ligg nær riksveg 9 skal Hovden Hytteservice vere til stades og ta seg av eventuell trafikkdirigering. Det blir også skilta i samband med øvinga. Huset blir sett i brann kring klokka 17 - så blir det ulik aktivitet utetter kvelden.