Setesdal Spelemannslag fekk Valle kommune sin kulturpris 17. mai!

Det vart jubel i salen då det vart klart at Setesdal Spelemannslag fekk Valle kommune sin kulturpris under festprogrammet i soknehuset på Rysstad 17. mai.

– I dag kjenner eg meg stolt både som ordførar og valldøl, sa Lars Tarald Myrum då han delte ut prisen.

Setesdal Spelemannslag, her representert med spreke utøvarar, fekk Valle kommune sin kulturpris 17. mai. Ole Birger Lien

Setesdal Spelemannslag vart skipa i 1930. I snart 100 år har utøvarar og “støtteapparat” sikra ein kulturarv som er så særprega at han har kome inn i Unesco sine lister over imateriell verdsarv. Så unikt, altså - og eit stykke arbeid det bare er å ta av seg hatten for.

– At me har lokale menneske som kan ta ansvar, forvalte og formidle denne kulturskatten er heilt avgjerande. År etter år – også no i august, skal Setesdal Folkemusikkfestival skipast til. Frå rundt om i heile landet kjem dei hvassaste av spelemenn- og kvinner for å knivast i og rundt soknehuset på Rysstad. Arrangementet er eit vitnemål om standinga folkemusikken har i kommunen vår – også ute – mykje takka vere mangeårig solid innsats frå prisvinnaren. At det neste år blir skipa til Landskappleik på Hovden – i regi av Setesdal Spelemannslag – er prikken over i-en, sa Myrum.

– Kommunen har vore raus

Leiar i spelemannslaget, Astri Rysstad, sa i sin takketale at kommunen har vore raus med Setesdal Spelemannslag over tid.

– Me har dyktige utøvarar og aktive medlemmer, og merker velvilje i heile dalen. Medlemstalet vårt er også aukande, sa ho.

Rysstad minna om at ingen må tru spelemannslaget skal ligge på latsida med Landskappleiken på Hovden i kominga!

Kulturprisutdelinga vart eit flott innslag som del av festprogrammet denne 17. mai. Med dalen og landsdelen bada i sol frå blå himmel fekk både fastbuande og tilreisande, store og små, ein nasjonaldag av dei sjeldne med seg inn mot sommaren!