Setesdalsmuseet med maskeverkstad før Bassekveld!

Her i dalen er det lange tradisjonar med bassekveld 20. dag jol - i år 13. januar. Då skal bassane ut i bygd og grend på jakt etter gotteri, og ikkje minst lage liv og moro. I samband med dette skipar Setesdalsmuseet til maskeverkstad laurdag 10. januar klokka 12-15.

Tradisjonen med bassekveld er etter alt å døme ein variant av å gå jolebukk - ein skikk med røter heilt tilbake til hedensk tid. Opphaveleg skulle “bukkane” skreme bort vonde ånder og sikre eit godt nytt år. Så er det vel ikkje så alvorleg med bassane som legg i veg 13. januar - men litt song og sprell kan ein rekne med!

Lage si eiga maske

På maskeverkstaden kan alle som møter opp få lage seg si eiga maske. Det blir servert lapskaus, alle utstillingane på museet er opne - og det er gratis å vere med!