Utstillinga kjem i samband med at biletkunstnaren ville ha runda 90 år i år, og fordi Setesdalsmuseet har fått heile kunstsamlinga etter han i gåve etter at Bjørgum gjekk bort i 2020. Utstillinga blir ståande i eitt år.
Portrettmeistaren
Olav Bjørgum-utstillinga som opnar no har spesiell fokus på Bjørgum som portrettmeistar.
– Me skulle eigentleg vise spennvidden, men vart bergtekne av portretta. Eg gler meg til folk får sjå, seier dagleg leiar ved Setesdalsmuseet, Hind Helene Harira.
Kulturelle innslag
Leiar hovudutval for næring, kultur og miljø i Agder fylkeskommune, Torunn Høym-Eriksen, står for den høgtidelege opninga. Det blir kulturelle innslag av Hallvard T. Bjørgum og Sigurd Brokke.
– Eit godt festmåltid blir det også, men menyen skal vere ei overrasking den dagen, seier Harira.