Siste dag for drop in-vaksine i Valle er 4. november!
Tysdag 4. november er siste dag for den som vil droppe inn på legekontoret og sikre seg vaksine i haust. Årleg influensavaksine er tilrådd for alle som er 65 år og eldre, dei under 65 år som har kroniske sjukdomar eller annan risiko, gravide i 2.- og 3. trimester og ikkje minst helsepersonell.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 30.10.2025 08:28
Sist endra 30.10.2025 08:28
Vaksinering i Valle har gått føre seg på Valle helsestasjon 21. og 24. oktober, og det er vaksinering der i dag 30. oktober. Då er det bare att ein drop in-dag, tysdag 4. november. Dei som allereie har bestilt vaksine, vil få SMS med dato og klokkeslett. Dei som ikkje har bestilt enno, kan kontakte Valle legekontor for å avtale tid. Påminning blir sendt til alle over 65 år som ikkje har vaksinert seg innan 15. november
Eigenandel
Siste dag for drop in-vaksinering i Valle i haust er tysdag 4. november.- Oppmøte: 65 kr (gratis med frikort)
- Influensavaksine: 101 kr
- Koronavaksine: 85 kr
- Pneumokokkvaksine: 110 kr
Her er informasjon om andre vaksiner:
Koronavaksine (oppfriskingsdose)
Tilrådd årleg for:
- Personar som bur i omsorgsbustader og sjukeheimer
- Aldersgruppa 75 år og eldre
- Personar mellom 18-74 år som høyrer til ei risikogruppe
- Barn mellom 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
Pneumokokkvaksine
- Tilbod til alle som fyller 65 år i løpet av året
- Vernar mot alvorleg lungebetennelse og blodforgifting