Siste frist for å søke utviklingsstipend frå Valle kommune

Fristen for å søke utviklingsstipend frå Valle kommune er 15. mars, så no er det bare tida og vegen! 


 

Det er levekårsutvalet som handsamar sakene. Nytt av året er det at alle som har fått midlar tidlegare må leggje ved ein rapport når dei søker på ny. Rapporten er ikkje omfattande, men det er viktig å dra linene frå sist søknad til ny søknad, med tanke på mellom anna kortsiktige og langsiktige mål. Det er også viktig at alle fel i søknadsskjemaet blir fylt ut.

Få søknader innan kultur

Det er utviklingsstipend innan idrett det har vore mest av dei siste åra - men kultur er også med! I utgangspunktet skal fordelinga mellom idrett og kultur vere lik. I aldersgruppa 13-15 år er minimumsbeløp per utøvar 10.000 kr., maks er 20.000 kr. I aldersgruppa 16-25 år er minimumsbeløpet 15.000 kr., maks er 30.000 kr.

HER finn du retningsliner for ordninga og lenke til søknadsskjemaet.

Søknadsfristen er altså 15. mars. Stipenda blir delt ut under 17. mai-feiringa eller ved eit anna passande høve.