Siste frist for innspel til samfunnsdelen i kommuneplanen

Alt av medverknadsmøter som har stått på programmet i samband med Valle kommune sitt arbeid med samfunnsdelen i kommuneplanen, og det har ikkje vore lite, er no gjennomført. No nærmar siste frist seg for dei som ynskjer å kome med forslag og innspel. 30. november er siste dag lenka på den kommunale heimesida er aktiv.

– No sit me på store mengder data som skal analyserast og omarbeidast til eit forslag til samfunnsdel og arealstrategi. Resultatet av alle kanalar for medverknad har vore godt, men framleis kan ein finne ei lenke på heimesida for å kome med dei siste innspela, seier Kay Arne Søgård, som er prosessleiar for Valle kommune i arbeidet.

Stenger ned

Lenka, som ein også finn i botnen i denne saka, er altså aktiv til og med 30. november. Etter den dagen har siste toget gått.

– Dei som brenn inne med noko kan altså framleis kome med det, men no er det innspurten, slår Søgård fast.

HER ER LENKA FOR INNSPEL