Sjarmtrolla som dansa inn nasjonaldagen i Valle!

17. mai vart ein skikkeleg folkefest i Valle, med strålande ver som krydder på ein dag der store og små koste seg. Leikarringen var sterkt til stades fleire stader, og du verden for eit knippe sjarmtroll dette er!

Leikarringen i Valle 17. mai, her frå Valle Bygdeheim. - Klikk for stort bileteLeikarringen i Valle 17. mai, her frå Valle Bygdeheim. Siv Madsen Helle

For same kor dei kjem, er det heilt uråd å ikkje “smelte” når ein ser dei unge, ivrige og blide utøvarane bokstaveleg tala kaste seg ut i dansen! 

Rekruttering

Både som reklame for kulturlivet og kulturskulen, for rekruttering til folkemusikk- og dans og ikkje minst som herleg innsmett i så mange samanhengar rundt om i bygd og grend, skal det noko til å toppe denne gjengen! Som biletet viser var dei også akkurat så rett kledde som ein nasjonaldag i hjarta av Setesdal krev! Gjengen dansa både ved Valle Bygdeheim og seinare i Valle kultursenter, så dei la inn skikkeleg innsats 17. mai!