Mange samla på kurs der dialogen med born var tema.
Setesdal barnevern
Kursinga, som var ein kveld no nyleg og der det står att ein kveld seinare i haust, var for alle tilsette i skular, barnehagar og kultur- og fritid i Valle kommune og altså med barnevernet som del av opplegget.
– Kursa skal vere med på å sikre borna sin medverknad i høve FN sin barnekonvensjon slik at dei blir betre rigga til å uttale seg om det som handlar om dei sjølve. Så er det sjølvsagt eit poeng at dette skal gjere oss som arbeider med born betre på å sile ut dei borna som ikkje har det så bra, om det no er på skulen, i barnehagen eller heime, seier Schaanning.
Sitt eige perspektiv
Med foredragshaldarar frå RVTS Sør (Regionalt senter for forebygging av vold, traumatisk stress og selvmord) var det under kurset sterk fokus på at born skal ha lov til å ha sitt eige perspektiv og kunne prate slik det fell naturleg for dei.
– Me vaksne skal ikkje legge ord i munnen på borna, endre perspektiva eller korrigere opplevingane deira, men lære å lytte og forstå det dei fortel. Dette er viktig kompetanseheving alle som arbeider med born kan dra nytte av, seier barnevernsleiaren.
Anne Lill Nielsen (t.v.) og Ingrid Sæbø Møllen i RVTS Sør var foredragshaldarar under kurset.
Setesdal barnevern