Beplantninga i midtrabattane mellom gang- og sykkelvegar og riksveg 9 på Rysstad blir no skifta ut med steinsetting.
Ole Birger Lien
Ikkje for det, steinsettinga som no kjem på plass blir flott å sjå på, men det er likevel ikkje det visuelle som er årsaka til prosjektet.
– No slepp me at det må folk til å slå i rabattane, slik det har vore tidlegare. Det er aldri heldig med arbeidarar så tett opp i vegbanen. Med denne steinsettinga er problemet løyst, seier Torgeir Hodne i Statens vegvesen.
Steinsettinga på Rysstad er no i full gang. Langs visse strekningar blir det nytta ljosregulering og bare ein vegbane under arbeidet. Prosjektet skal vere fullført i løpet av to-tre veker.