Skipa til statusmøte for vilkårsrevisjonen i Otravassdraget i Valle

Nyleg vart det skipa til statusmøte for vilkårsrevisjonen i Otravassdraget i kommunestyresalen i Valle. Etter at Valle-ordførar Lars Tarald Myrum helsa velkomen venta eit innhaldsrikt program. Valle kommune ved tidlegare ordførar Steinar Kyrvestad har hatt ei koordinerande rolle i arbeidet med vilkårsrevisjonen. Så langt har kommunane samarbeidd godt i den svært så langdryge prosessen. På samlinga vart det avgjort at den nye Valle-ordføraren tek på seg denne funksjonen også framover. 

Frå statusmøte for villkårsrevisjon i Otravassdraget i kommunestyresalen i Valle nyleg. - Klikk for stort bileteFrå statusmøte for villkårsrevisjon i Otravassdraget i kommunestyresalen i Valle nyleg. Valle kommune

Seniorrådgjevar i NVE, Oda Bjærke, tok for seg vilkårsrevisjonar generelt, og såg dessutan på status i vilkårsrevisjonen som handlar om Otravassdraget. Dagleg leiar i Otra kraft DA og Otteraaens Brugseierforening, Grunde Johnsen, informerte om vassdraget og regulanten si rolle i vilkårsrevisjonen. Han greia ut om dei mest sentrale problemstillingane frå regulanten si side, og peika på punkt der det kan vere noko ulikt syn. Advokat i Lund & Co, Christi Erichsen Hurlen, tok for seg kommunane si rolle i prosessen og peika på sentrale problemstillingar frå kommunane sin ståstad. 

Statsforvaltaren si rolle

Frå seksjon natur hjå Statsforvaltaren i Agder kom seksjonsleiar Anne Fløgstad Smeland. Ho greia ut om statsforvaltaren si rolle i revisjonssaka, og sentrale problemstillingar sett frå den sida. Tidlegare Valle-ordførar Steinar Kyrvestad tok opp kommunane si oppfylgjing av vilkårsrevisjonen så langt. Han gjekk både gjennom korleis dette har vore organisert og peika på viktige punkt på vegen vidare. Statusmøtet vart runda av med diskusjon kring alle tema som vart tekne opp, ei oppsummering og eit blikk på vegen vidare i den omfattande prosessen.