Skjema for søknad om snøskuterløyve er klart
Skjema for søknad om snøskuterløyve er no klart. Vi har laga eit skjema for alle typer søknader om motorferdsel med unntak av løyve i SVR. Då skal du nytte eit eige skjema. Dersom du skal søkje om ervervsløyve er søknadsfristen 30. oktober.
Det er ingen søknadsfrist på ordinære søknader, og alle søknader vert handsama fortløpande som dei kjem inn. Dersom det kjem inn søknader med manglar vil dei kome bak i køen. Det er difor viktig at du sjekker om det er krav til vedlegg i den søknaden du skal sende.
Utdrag frå plan for bruk av motorkøyretøy i utmark:
- Løyve etter §5c gjeld transport av bagasje og utstyr til hytte. Det kan etter føresegna berre gjevast løyve til hytteeigaren, som omfattar eigaren sin næraste familie (ektefelle/sambuar, barn/svigerbarn og foreldre).
- Om eigaren eventuelt ikkje kan finnast att som tinglyst heimelshavar/festar til grunnen der hytta står, må eigarforholdet dokumenterast gjennom skrifteleg vedlegg i søknaden.
- Det er likeins kurant å gje løyve til dei som har ein skrifteleg reel avtale om leige av/eller om bruksrett til tilsvarande hytte med ein avtaleperiode på minst eitt år. Det kan gjevast løyve til to leigetakarar/bruksrettshavarar inkl. ektefelle/sambuar for kvar hytte.
- Nødvendig tilsyn av hytte der det trengs snøskuter må utførast etter løyve gjeve til eigar, leigetakar/bruksrettshavar eller erverskøyrar.
- Det gjevast ikkje løyve til firma som eiger eller leier hytte. Løyver må knytast til person. Firma som eige eller leiger hytte oppmodast til å nytte lokale folk med ervervsløyve. Eventuelt kan firma som eiger hytte ha ein person som søker løyve, og eigar av hytte som vert leigd ut til firma kan om han/hun ønskjer, køyre for firmaet på sitt løyve
Publisert 01.09.2024 10:42
Sist endra 03.09.2024 13:33