Skjerpa krav til eigenberedskap i heimen

I dag lanserer Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) nye og skjerpa krav (råd) til eigenberedskap som gjeld folk flest i heimen. Den største endringa er at ein frå no av bør ha nok av vatn, mat og anna livsnødvendig til å greie seg på eiga hand i ei veke. Tidlegare var tilrådinga å ha nok for tre dagar.

Beredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme, slår fast at eigenberedskap er viktig for alle. - Klikk for stort bileteBeredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme, slår fast at eigenberedskap er viktig for alle. Ole Birger Lien

Eigenberedskap handlar altså om at ein i ein naudsituasjon i samfunnet skal kunne greie seg på eiga hand ein viss periode. Viss det skjer noko som påvirkar alle, vil naturleg nok ikkje naudetatane kunne hjelpe alle samstundes. Det betyr at det mest akutte blir teke først, og mange må vente.

Ny brosjyre

I fjor haust sendte DSB ut forslag til oppdaterte råd på høyring. I dag blir altså dei oppdaterte råda lagt til grunn. I tillegg til at ein skal sikre nok forsyningar for ei veke, går dei nye råda meir inn i medieforståing i kriser og ikkje minst kor ein skal opphalde seg. Nye tema som felles eigenberedskap og psykisk helse er også med. DSB er no i gang med å lage ei brosjyre som samlar dei oppdaterte råda. 

Dei oppdaterte råda blir lanserte digitalt på www.sikkerhverdag.no i dag.

På nettsida www.dsb.no/egenberedskap er det samla mykje nyttig materiell knytta til eigenberedskap i heimen.

– Eigenberedskap er det me alle bør ha på plass, men som me håpar at me aldri skal få bruk for. Vatn, mat, varmekjelder, batteri, det meste ein kan tenke seg viss ein må greie seg på eiga hand i ei veke. Det er fort å tenke at dette er unødvendig, men den dagen behovet er der er det avgjerande at me har beredskapen på plass, seier beredskapskoordinator i Valle kommune, Torleif Homme.