Skredkveld i Brokke laurdag 23. november
DNT Sør, Varsom, CARE og forlaget Fri Flyt skipar til skredkveldar landet rundt i veke 47. I Valle blir det skredkurs i Brokke laurdag 23. november klokka 14.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.11.2024 10:25
Sist endra 19.11.2024 10:25
Det blir skipa til skredkveld i Brokke laurdag 23. november.
Ole Birger Lien
Det er i Nistebua i Brokke alpinsenter at foredraget skal haldast. Som del av både kommunal beredskap og ikkje minst i høve fjellredningsgrupper og andre aktørar er det sjølvsagt vesentleg at me alle har så mykje kompetanse om skred og skredfare som råd. Mange er klare for vinteren, og målet må vere trygg ferdsle!
Tryggleik
Tema under kurset er mellom anna kva er skredterreng, korleis tar ein trygge vegval, kva er Varsom Regobs og korleis nyttar ein Snøskredvarselet? Ein kjem også innom kva utstyr ein bør ha med seg på topptur. Kurshaldarar er Elisabeth Spockeli frå NVE og Varsom.no og Sondre Rua Dokken som er tilsett i DNT Sør og godkjent skredinstruktør.