Skuffa Valle-ordførar etter tap i lagmannsretten

Valle kommune tapte i søksmålet mot Staten i Agder lagmannsrett om retten til å gje dispensasjon til oppattbyggjing av ei støylsbu i Valle austehei. Ordførar Lars Tarald Myrum er skuffa og overraska.

– Dei set fullstendig til side både Heieplanen og den lokale sjølvråderetten, og tolkar saka på premiss me ikkje kjenner att, seier han.

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, her med kommunen sin advokat Christi Erichsen Hurlen, i Agder lagmannsrett. - Klikk for stort bileteValle-ordførar Lars Tarald Myrum, her med kommunen sin advokat Christi Erichsen Hurlen, i Agder lagmannsrett. Ole Birger Lien

Saka handlar om ein søknad om oppattbyggjing av ei støylsbu i Finndalen. Grunneigar søkte Valle kommune om dispensasjon, og viste til at det i Heieplanen blir opna for slike prosjekt. Kommunen sa ja, men statsforvaltaren gjorde om vedtaket. Valle kommune saksøkte Staten, og vann i Agder tingrett fram på alle punkt. Staten anka, og vann altså no fram i Agder lagmannsrett.

– Vil bety stopp på alle tiltak

– Det er svært mykje i domen eg stussar på. For det første virkar det som om retten ikkje i det heile har teke stilling til at Heieplanen også er innarbeidd i kommuneplanen i Valle. Valle kommune engasjerte seg sterkt i planarbeidet og har altså innarbeidd han i kommuneplanen, der også omsynet til støylslandskapet og kulturhistoria står sentralt. I tillegg har dei avvist å sjå prosjektet som ei oppattbyggjing, men handsama dette som eit nybygg trass i at det etter definisjonen i Heieplanen er snakk om oppattbyggjing. Då avviser dei heilt retningslinene for ivaretaking av gamle støylslandskap. Lagmannsretten er samd med Valle kommune i at tiltaket ikkje aleine vil medføre at omsynet til villreinen vil bli vesentleg tilsidesett. Viss denne domen blir ståande, er det difor ein effektiv stopp på alle tiltak i eit villreinområde, uansett inngrepet sin storleik og påvirkning, altså eit resultat som vil få stor betydning for mange kommunar i landet, seier Valle kommune sin advokat Christi Erichsen Hurlen i Lund & Co.

– Kjenner eg blir provosert

Lars Tarald Myrum slår fast at Staten køyrer over kommunen.

– Heieplanen er ein gjennomarbeidd plan, eit samarbeid som sette ned kriterie og rammeverk for både bruk og vern av heieareala. Omsynet til villreinen låg til grunn. Så implementerer me planen inn i kommuneplanen. Våre sakshandsamarar legg dette rammeverket til grunn i byggjesaker. Så ser Staten bort frå alt saman? I tillegg blir det stadig frå statleg hald vist til ny kunnskap om villreinen. Då må eg spørje, kva slag kunnskap, og korleis er kunnskapen kvalitetssikra? Dette held ikkje mål, eg kjenner eg blir provosert, seier Myrum.

Kommunestyret må vurdere anke

Domen frå Agder lagmannsrett kan ankast til Høgsterett. No blir dette vurdert.

– Det blir til slutt og rest eit spørsmål kommunestyret må ta stilling til. Domen er så fersk at me har sjølvsagt ikkje hatt tid til å drøfte saka enno, men det vil me gjere i god tid før ankefristen er ute, seier Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.