SFO på gardsbesøk!
Valle skule
Det er ungdomsskuleelevar med valfag som “Arbeidsliv” og “Innsats for andre” som trør til og tar på seg samarbeid med borna i SFO.
– Også mellomstegselevar med valfag “SFO-assistent” er med. Samarbeidet er nesten kvar veke skuleåret gjennom, seier rektor Janne Nystøl.
Hyttebyggjing
Til no i år har samarbeidet resultert i hyttebyggjing i “Trollskogen”, formingsaktivitetar, ei vitjing på garden til Hanne Nomeland, ulike fysiske aktivitetar i hallen og baking i bakstekjellaren på skulen.
– Me har også halde på med pepparkakebaking der me laga ein pepparkakeby som vart stilt ut på Sølvgarden hotell. Det er alltid noko å sjå fram til på Valle skule, slår Nystøl fast.
Kulturkarusellen
Så høyrer det med til historien at alle elevar i SFO får vere med på Kulturkarusellen, eit ope gratistilbod frå kulturskulen der ein får prøve ut ulike instrument og spele, synge og danse saman, eller teikne og måle, om det er det ein har mest lyst til å prøve seg på.
Hyttebyggjing i "Trollskogen".
Valle skule
Her blir det herleg jolebakst!
Valle skule