Etiketten til styrkedrikken Ninjana kraft designa av Anne Hasla.Ninjana-prosjektet har me skrive om tidlegare. Karin Moe Hennie si ninja-heltinnne i stakkar skal bli film, og har alt vore å treffe i både bokform og teater. I påvente av filmpremiere vil altså Moe Hennie lage endå meir Ninjana-baluba!
– Som eit pilotprosjekt køyrer me no i gang eit opplegg der me samlar lokale aktørar og har mål om eit ope arrangement der ein kan samle både fastbuande og tilreisande. På Bjørgum gard får ein treffe Setesdal sin eigen superhelt, seier Moe Hennie.
Ideen fekk ho då ho fekk høyre at Mona og Ivan på Bjørgum gard produserer sin eigen salsa-saus med chili.
– Eg tenkte at Ninjana må jo ha sin eigen styrkedrikk, ein sunn shot for born med innslag av chili. Etter eit møte med Mona og Ivan var saken klar, seier ho.
Innhaldsrik dag
Torsdag i denne veka blir det altså full trøkk på Bjørgum. Sigrid Berg skal steve om Ninjana, og framsyninga “Ninjana og det store skredet” blir vist på låven. I tunet blir det ninjacamp der elevane blir delt i fire grupper. Dei skal innom Ninjaspark på Ninjanas treningsdokke, Sakkusi, bunadsko-kast, dans med hallingkast, leia av Åse og Majia frå Valle leikarring, med spelemann Daniel Sandén Warg på fele under dansen. Den fjerde bolken blir prøvesmaking av “Ninjana kraft”, styrkedrikken som er produsert på garden. Elevane skal få teste alle tre smaksvariantar, jordbærmix, rabarbaramix og blåbærmix, og dei skal røyste fram kva variant dei liker best.
– Før elevane drar heim får dei kvar sin Ninjana cupcake, levert av Helles lefser og bakevarer, seier Karin Moe Hennie.
Arrangementet er støtta av Agder fylkeskommune, Valle Sparebank, Setesdal regionråd, Setesdal Spelemannslag, Midt-Agder friluftsråd, Otrabuss og Sølvgarden hotell. Heile arrangementet er gratis for skulane.