Skuleelevar i Valle på bedriftsbesøk

Som del av det tverrfaglege temaet “Framtida vår og eg”! har elevar ved Valle skule vore på bedriftsbesøk med fokus på fornybar energi og berekraftig utvikling.

Valle-elevar på veg inn i fjellet på kraftstasjonen på Nomeland i Hylestad. - Klikk for stort bileteValle-elevar på veg inn i fjellet på kraftstasjonen på Nomeland i Hylestad. Valle skule

9.- 10. klasse var på besøk til Å Energi/Otra kraft DA på Nomeland i Hylestad. 

– Der fekk elevane ein gjennomgang både av anlegget  og sjølve verksemda, seier fagleiar 8.- 10. trinn Kristine Kleiveland.

9. klasse har også vore innom Returkraft og fått lære om korleis dei handterer restavfall.