Slåttedag og jubileumsfest på Rygnestad 20. juli

Kvart år skipar Setesdalsmuseet til slåttedag på Rygnestad i Valle. I Rygnestadtunet kan ein oppleve slått i eit autentisk miljø, med slåttegraut og mykje moro attåt. I år er det også jubileum for Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL).

UKL kan feire 15 år, og festen blir altså del av slåttedagen i Rygnestad. Alt for 15 år sidan var Rygnestad og Flateland i Valle Aust-Agder sitt UKL-område. I dag er det 51 UKL-område i landet. Dette er område med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, forma av langvarig tradisjonell bruk. Målet med UKL-satsinga er å sikre langsiktig forvaltning ved at folk tar i bruk og held i hevd områda.

Ope for alle

Valle kommune skipar til jubileumsfesten i samarbeid med Statsforvaltaren i Agder. Arrangementet er ope for alle, og det er ikkje påmelding. Så må ein hugse på at det heile går føre seg utomhus, greie klede er difor lurt. Klokka 11 tar programmet til med ljåslått, sliping og bryning, før Lisbeth Kismul med fleire orienterer om UKL. Det blir så open gard for born og barnefamiliar, der dei yngste mellom anna kan få prøve seg på hesteryggen hjå Hege Rygnestad. 

Vandring

Klokka 13 blir det vandring i UKL-området med Åse Ingebjørg Flateland som guide. Det blir stopp ved spesielle bygningar og der det er spennande biologiske kvalitetar å sjå. Det er også lagt inn tur til grendehuset på Flateland som del av vandringa. På vegen kan ein vitje Uppistog gard med gardsutsal, geiter og mykje å sjå. Ved endestasjonen på Flateland blir det servert suppe til store og små.