
Nordigard Rygnestad er det mest populære museumstunet i dalen. I den eldste delen av våningshuset er det brukt tømmer frå eit hus som må ha vorte bygt ein gong før 1350, medan fjøset vart bygt så seint som på 1900-talet. Det budde folk i husa fram til 1919. Våningshuset og dei to lofta vart freda i 1923. Sidan 1940 har garden vore museum.
Slåttegraut
Ljåslått og hesjing, sliping og bryning, aktivitetar for born, felespel og historieforteljng. Slåttedagen blir innhaldsrik, og med gratis slåttegraut klokka 12 bør dei fleste finne noko av interesse denne dagen.