Smoothie i staden for brus i Valle!

Kvar onsdag tar elevar ved Valle skule vegen til sentrum og Sæbyggjen etter skuletid. Der får dei smoothie til under sjølvkostpris av kommunen, som helseleg alternativ til brus eller koffeinhaldig energidrikk.

Ungdomsarbeidar Eliezer xxxx med 6. klassingane Knut Løyland Homme og Marius Mosdøl som "smoothiekokkar". - Klikk for stort bileteUngdomsarbeidar Eliezer Ivan Mendez Contreras med 6. klassingane Knut Løyland Homme og Marius Mosdøl som "smoothiekokkar". Ole Birger Lien

Det er ungdomsarbeidar Eliezer Ivan Mendez Contreras som er “smoothiekokk”, med god hjelp av elevane sjølve. Frisk frukt, juice og anna snaskens blir blanda saman til herleg drikk - og sunnare enn det meste!

– Ordninga er veldig populær. Her kan dei kome og få litt påfyll av energi, dei kan lese, samle seg med eit brettspel eller bare slappe av, og eg er veldig glad dei har dette alternativet i staden for bare butikkar og bensinstasjonar. Slike stader veit ein at det fort er drikke med mykje sukker eller mykje koffein det går i, og slikt er det greitt å begrense, seier han.

To av elevane som er i gang denne onsdagen er 6. klassingane Marius Mosdøl og Knut Løyland Homme. Dei er båe glade for å få billeg smoothie.

– Det smakar veldig godt, og så er det greitt å vere her i biblioteket, seier dei.

Smoothiekokkar vil dei ikkje kalle seg, men ivrige medhjelparar er dei likevel når Eliezer har funne fram alle ingrediensane. Her blir det kutta frukt, det blir komponert oppskrifter som hamnar i miksaren, og når rotorane set i gang blir alt blanda til ei “herleg smørje”!

– Jo fleire som nyttar seg av dette tilbodet, jo betre. Etter skuledagen har alle elevar behov for påfyll, og kan ein få i dei drikk basert på frukt i staden for meir usunne alternativ, er eg godt nøgd. Til no ser det i alle fall ut som om tilbodet blir stadig meir populært, seier Eliezer 

 

 

 

 

 

 

 

Ungdomsskuleelevar i Valle med pause i Sæbyggjen. - Klikk for stort bileteUngdomsskuleelevar i Valle med pause i Sæbyggjen. Ole Birger Lien