Snøproduksjonen i gang i ljosløypa i Brokke
Med kuldegradene som kom denne veka så kom også snøproduksjonen i gang i ljosløypa i Brokke.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.11.2024 09:04
Sist endra 20.11.2024 09:04
Snøproduksjonen er i gang i Brokke.
Valle kommune
Sverre Rinden i Valle kommune seier at viss alt går etter planen skal det ligge klar ferdig oppkøyrte løyper til fredag 22. november.
– I utgangspunktet er det to og ein halv kilometer som no blir gjort klar. Så blir det preppa i løypa ved behov og så lenge det er greie forhold med tanke på snømengder, seier han.
Det betyr at dei ivrigaste skigåarane ser ut til å få ein tidleg start i Valle kommune si ljosløype - i påvente av endå fleire løyper i heiane i takt med at snømengdene aukar.