Søknadsfrist for kulturskuleplass er 15. mai

Elevplass i kulturskulen i Valle kommune gjeld for eitt skuleår. No må det snart søkast plass for skuleåret 2024/2025!

UKM er eit godt døme på arrangement elevar på kulturskulen får prøve seg på. - Klikk for stort bileteUKM er eit godt døme på arrangement elevar på kulturskulen får prøve seg på.

Søknadsportalen blir opna den 15. april, og søknadsfristen er sett til 15. mai. 

– Viss ein har søkt plass for ein elev tidlegare må ein nytte det brukarnamnet og passordet ein alt har. Ein skal ikkje opprette ny brukar, seier leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.

Så har du ein pode eller to heime med ein dansar, ein vokalist, felespelar eller anna i magen? Då er kulturskulen staden å vere! Ved spørsmål kan ein kontakte Nyberg på e-post HER