Søknadsfrist hovudopptak til barnehagane er 1. mars

I Valle kommune er søknadsfrist til hovudopptak til barnehagane 1. mars. Søknader som kjem inn etter dette, er med på løpande opptak etter at hovudinntaket er ferdig.

Dei siste åra har det vore fullt i begge barnehagane i kommunen. Ein oppmoder difor alle som vil ha plass, om å søke innan 1. mars. Den som måtte ha spørsmål kan få svar ved å vende seg til barnehagemynde i Valle kommune.

Søknadsskjema om barnehageplass finn ein på heimesida HER