Søknadsfrist på kommunalt utdanningsstipend er 1. oktober
Søknadsfrist for dei som skal søke om kommunalt utdanningsstipend frå Valle kommune er 1. oktober. Søknadsskjemaet er no å finne på den kommunale heimesida.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.09.2024 09:21
Sist endra 02.10.2024 12:57
Leiar velkomst i Valle kommune, Gunn Marith Homme, minner om søknadsfrist 1. oktober for kommunalt utdanningsstipend.
Ole Birger Lien
Det er personar som tar utdanning på heiltid og er folkeregistrert i Valle kommune som kan få utdanningsstipend. Kvar søkar kan få stipend inntil åtte gonger utan aldersavgrensing. Lærlingar kan få stipend for det første læreåret. Stipend for eit heilt skuleår utgjer 9000 kr.
Hugs fristen!
Det er viktig å hugse søknadsfristen 1. oktober, for søknader som kjem inn for seint vil få avslag.
– Det er likevel høve til å søke på ny i februar og få halvt stipend, seier leiar velkomst i Valle kommune, Gunn Marith Homme.
Har du spørsmål om ordninga kan du sende ein epost til Homme på gunn.marith.homme@valle.kommune.no
For meir informasjon og søknadsskjema kan ein sjå på www.valle.kommune.no