Solid auke i trafikken opp til Lauvåsloptet

Dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle har vore ein populær destinasjon heilt sidan opninga, og i sommar har det “teke heilt av” med trafikk opp og ned liene kvar dag.

I det flotte veret som har vore er det kan hende ikkje rart at mange også har fota seg opp til Lauvåsen - men også på dei få meir gråe dagane har mange teke turen. For der, oppe i lia med utsikt over mykje av Vallebygda, har folk fare langs gamle stiar, i skogsteigar og langs bekkefar, mot ei hytte som blir stadig meir populær. 

God orden

Vel oppe ved hytta er det beint fram ei oppleving å sjå eit område så shina og lagt til rette for fine rastepausar. Det er tydeleg at folk respekterer reglane knytta til hytta - av med skoa ute, hald orden inne og ute. Frå hytta er utsikta i seg sjølv ei oppleving, men også uteområdet er flott. Her er rigga for bål, det er nok av benkeplass, og det er utstyr lina opp for den som treng det. Bakgrunnen for dagsturhyttene rundt om i fylket er fleirdelt. Det skal vere rekreasjon og eit fritidstilbod, men det har utan tvil også ein funksjon opp mot folkehelse. Lauvåsloptet i Valle er på ingen måte eit unnatak - og har blitt ei perle.