Frå venstre: Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, statsforvaltar Gina Lund og kommunedirektør Vidar H. Homme.
Ole Birger Lien
Med gjennomgang på alt frå helse og beredskap til økonomi fekk statsforvaltaren i Agder og fylgjet hennar ein tilstandsrapport frå leiarane i Valle kommune - før statsforvaltaren kom tilbake med replikk på den statusen som vart presentert. Det såkalla kommunebiletet statsforvaltaren la til grunn er tufta på eit system utarbeidd av statsforvaltaren i Trøndelag. Kommunebiletet opererer med eit “trafikkljossystem” der einingar får grønt, gult eller raudt “ljos”, alt etter korleis statsforvaltaren vurderer situasjonen i ulike einingar i den enkelte kommunen. Raudt er som ein forstår det same som “stopp”, medan grønt er det same som “køyr på”.
– Her i Valle kjem me til den første av kommunar me har vitja der det ikkje er eit einaste raudt ljos, sa Gina Lund, som ikkje la skjul på at ho var nøgd med stoda i Valle kommune.
– Her er god sysselsetting, kommunen er økonomisk sterk og sårbare einingar blir styrka mellom anna med hjelp av samarbeid med grannekommunen i nord, slo ho fast.
Lund streka under at det i kraftkommunen Valle er mykje sårbar og viktig infrastruktur ein må passe ekstra godt på. I eining etter eining fekk ein høyre om travle og innhaldsrike kvardagar, stabil drift og god innrapportering. Fleire av leiarane på statsforvaltar-nivå i kommunestyresalen hadde ingen kommentarar til dei enkelte kommunale einingane - fordi alle tema var greitt dekka av den kommunale drifta. Innspel elles gjekk for det meste på klargjeringar og definisjonar.
– Paradoks i naturrekneskapen
Som ei avslutning på dagen oppsummerte ordførar Lars Tarald Myrum og kommunedirektør Vidar H. Homme.
– Det er eit paradoks at inngrep i naturen for å auke kraftproduksjonen, slik alle ynskjer, skal “straffe” kommunane der inngrepa kjem, i form av negative element i naturrekneskapen. Det motiverer ikkje til satsing. Så vil eg ta til orde for at me no ser til å få på plass eit grundig og gjennomarbeidd register over attgroing. Samstundes som me utviklar naturrekneskapen bør me ha god oversikt over område der attgroing er ei utfordring, sa Myrum, som meinte at heile attgroingsproblematikken har vore litt stemoderleg behandla.
Ordføraren la til at med tanke på flyktningar i kommunen så gleder det han at dei har blitt godt integrerte.
– Dei har rett og slett tilført oss mykje. Ein ting er at dei er trivelege, men dei har kome med mykje kompetanse me har behov for. Ikkje bare innan næring heller, også i idrett- og kulturlivet. Dette er menneske me håpar på at me kan behalde i kommunen, sa han.
Nasjonal kommunal IKT-standard
Kommunedirektøren slo eit slag for samordning av dataløysingar i kommunane.
– Det er behov for ein nasjonal standard innan kommunal IKT. Mykje står att innan digitalisering i det kommunale. I dag sit det 357 kommunedirektørar rundt om i landet som kan “gjere som dei vil”. Det kan bli kostbart, og står ein ikkje samla får ein heller ikkje den krafta det krev å utarbeide gode system. Staten må vere endå tydelegare, sa han.
Statsforvaltar Gina Lund lova å ta innspela med seg vidare.
Lokale folkevalde og folk frå statsforvaltaren sitt kontor under vitjinga frå statsforvaltaren i Agder.
Ole Birger Lien
Statsforvaltaren i Agder hadde med seg alle leiarane sine til Valle.
Ole Birger Lien