Solide resultat for Valle i stor berekraft-undersøking

Selskapet PwC, med kontor 27 stader rundt om i landet, gjennomfører kvart år ei stor berekraftundersøking der alle kommunar i Noreg er med. I årets kåring skårar Valle kommune svært høgt i fleire kategoriar.

Undersøkinga, Berekraft 357, nyttar i alt 72 indikatorar som skal seie noko om berekraft i den enkelte kommunen. Med tal frå mellom anna FN, EU og Statistisk sentralbyrå, i tillegg til andre offentlege kjelder, er det ei omfattande analyse som ligg til grunn. Valle kommune er i toppskjiktet i Agder i år.

Tredjeplass totalt sett

Ser ein alle kommunar i Agder samla, og ser på berekraft totalt sett, er Valle kommune på ein svært solid tredjeplass, bare overgått av Sirdal og Bykle. Også innan klima og miljø og økonomi og styring ligg Valle høgt på listene, og med tanke på sosial berekraft er bare Sirdal kommune framom Valle.