Sommaropen idrettshall i Valle
Idrettshallen i Valle er sommaropen alle dagar mellom klokka 12-21.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.07.2025 12:25
Sist endra 04.07.2025 12:25

Heile opplegget er basert på tillit. Tillit til at folk oppfører seg greitt, og ikkje minst til at alle ryddar etter seg og andre. Med mange samla er det viktig å vise omsyn til kvarandre. Viss alle gjer det, fungerer ordninga prikkfritt.
I fylgje med vaksen
Born under 12 år skal vere i fylgje med vaksen. Eitt av utstyrslagera er ope, det er også to toalett/garderobar. For å kome inn må ein nytte appen SolverApp - og søke opp dør som heiter “Open hall”.